– Du er ikkje redd megStortinget vil opne for å gje heroin til rusmisbrukarar på statens rekning. Det står ein mann under gatelykta med armane i vêret. Eg er på veg heim ein sein kveld, og nett i det eg passerer han, glitrar det i ei nål. Han ser meg, gjer
Stortinget vil opne for å gje heroin til rusmisbrukarar på statens rekning.
Noko av det som gjer heroinassistert behandling kostbart, er at det må vere helsepersonell til stades mens heroinen vert injisert. Det er ikkje tilfellet i dette biletet.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Det står ein mann under gatelykta med armane i vêret. Eg er på veg heim ein sein kveld, og nett i det eg passerer han, glitrar det i ei nål. Han ser meg, gjer ei overdriven rørsle med armane og kastar frå seg sprøyta så eg skal sjå det. Han ser ikkje at eg skjønar at sprøyta er tom, og at han er på god veg opp. Plutseleg står han framfor meg og grip meg i armen.
– Eg ser at du ikkje er redd meg, seier han.
– Skal eg vere redd deg, spør eg, roleg.
Eg går sakte heimover og lèt han snakke.
Han framfører sitat frå bøker han har lese, og fortel om livet sitt. Auga hans er så glasaktige, smilet så breitt og halsen så tynn at han minner om ei dokke. Han fiklar med ein glidelås og mister det han har i lommene. Det trillar og klirrar bortetter vegen. Han bøyer seg, rekkjer meg ein hundrelapp.
– Eg har pengar nok, seier eg, og ristar på hovudet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.