Utanriks

Du gamla, du fria

Tysdag feirar svenskane 500 år med sjølvstende. At det skjer same år som Sverige skal verta Nato-medlem, er meir enn ein kuriositet for Noreg som har vore i tretten krigar med grannelandet.

6. juni 2013: I Borggarden på Slottet i Stockholm feirar ein svensk gut nasjonaldagen med flagg og blå kjærleik på pinne. Ti år seinare er den svenske nasjonaldagsmarkeringa større enn nokon gong.
6. juni 2013: I Borggarden på Slottet i Stockholm feirar ein svensk gut nasjonaldagen med flagg og blå kjærleik på pinne. Ti år seinare er den svenske nasjonaldagsmarkeringa større enn nokon gong.
Publisert

Kvifor er det for oss i Noreg meir enn ein kuriositet at Sverige skal feira eit halv tusenår som fritt land samstundes som landet sluttar seg til Nato? Jau, av di hendingane i 1523 sende dei to grannelanda ut på kvar sin militær- og geopolitiske veg – som no endeleg møtest.

I 300 år låg Sverige og Noreg i jamleg krig og konflikt. Så fylgde 90 år der det eine landet var i motviljug union med det andre. Og til slutt fylgde 80 år med ulik tryggingspolitisk tilhøyrsle.

No er det over. At me i år truleg vert ståande som medlemar av den same forsvars- og militærpolitiske alliansen, set endeleg sluttstrek for 500 år med påtakeleg ulik soge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement