– Dyrare, tregare og mindre trygt med skipstunnelen

Norges Rederiforbund har levert kraftig argumentasjon mot bygging av ein stor skipstunnel gjennom Stadlandet. Forbundet stiller spørsmål ved nytteverdi og peikar på auka ulykkesrisiko.

Sidan medlemene våre ikkje kjem til å nytte tunnelen, finn vi ikkje grunnlag for å støtte prosjektet, seier Amund Drønen Ringdal, som er næringspolitisk direktør i Norges Rederiforbund.
Sidan medlemene våre ikkje kjem til å nytte tunnelen, finn vi ikkje grunnlag for å støtte prosjektet, seier Amund Drønen Ringdal, som er næringspolitisk direktør i Norges Rederiforbund.
Publisert

«Våre medlemmer kommer ikke til å benytte seg av tunnelen hovedsakelig fordi det medfører en mer utfordrende seilas i trangt farvann som vil ta lengre tid enn å gå rundt Stadlandet og Vestkapp», skriv Rederiforbundet i eit innspel til arbeidet med kvalitetssikring av tunnelprosjektet.

Brevet er signert Amund Drønen Ringdal, som er næringspolitisk direktør i Norges Rederiforbund. Han har bakgrunn som mellom anna statssekretær for Høgre i åra 2013–2016 i Fiskeri- og kystdepartementet, Nærings- og Fiskeridepartementet og Samferdsledepartementet.

Alvorleg svekt

Det kan no brygge opp til ein ny kamp om tunnelen skal byggast og i tilfelle kor stor han skal vere. Finansdepartementet har i alle år vore mot å bygge tunnelen med grunngjevinga at tunnelen, uansett storleik, kjem til å vere samfunnsøkonomisk ulønsam.

I førre veke vart det kjent at det norske samfunnet vil få eit tap gjennom 40 år på 26.000 kroner for kvart fartøy som vil passere i ein stor skipstunnel slik han er planlagd gjennom Stadlandet. Netto nytteverdi blir svekt frå minus 1,4 til minus 3,1 milliardar kroner. Dette er éin av konklusjonane frå konsulentane Atkins Norge AS og Oslo Economics, som saman har gjennomført ei uavhengig kvalitetssikring av prosjektet. Konsulentane var engasjerte av Samferdsledepartementet og Finansdepartementet.

Ingenting å spare

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement