E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Slik kan innsida av eit datasenter sjå ut - og i slike senter reiser kommunikasjonstrafikk ut av Noreg, før den går att igjen.
lllustrasjonsbilete: Shutterstock.
I 2023 fekk Etterretningstenesta lovheimel til å overvake store delar av den elektroniske kommunikasjonen til norske borgarar. Men fullmaktene er for vide og kontrollen med overvaking for dårleg, meiner ei samanslutning av dei største presseorganisasjonane i Noreg. Om det stemmer, vert opp til Oslo tingrett.
Overvakingsheimlane som no skal under lupa, vert gjerne kalla det digitale grenseforsvaret. Grovt forklart kan E-tenesta, i medhald av E-lova, samle inn og lagre store mengder kommunikasjonsdata som kryssar grensene til Noreg, og påleggje telekommunikasjonsselskapa å leggje til rette for det, såkalla «tilrettelagd innhenting» (TI).
Mesteparten av elektronisk kommunikasjon mellom nordmenn – anten dei brukar Telenor, Telia eller Ice, eller nytter internett, til dømes via Signal, Instagram, Facebook eller Outlook – går via utlandet. Datatrafikken går til dømes via fiberoptiske kablar til Sverige, eller skylagringstenarar på kontinentet, og tilbake igjen til Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.