Samfunn
– Eg ser det store biletet
På Conservative Political Action Conference (CPAC) 20. februar vart Elon Musk intervjua av Newsmax-programleiar Rob Schmitt. Intervjuet har fått mykje merksemd på grunn av påstandar Musk kom med. Kva sa Musk på scena i Washington? Les heile intervjuet.
Musk er rådgjevar for Donald Trump og sentral i Department of Government Efficiency (Dodge), som har som mål å gjere staten meir effektiv. Arbeidet i Doge var eit sentralt tema i intervjuet med Rod Schmitt.
Foto: Gage Skidmore / Flikr
Schmitt: Litt av ei mottaking!
Musk: Eg har blitt eit mem. Eg er eit vandrande mem. Ein kan leve ut draumen, og ein kan leve ut memet. Det er det som skjer her. Doge byrja som eit mem. Tenk det. Det er sant. Men det er kult.
Schmitt: For eit år sidan, om nokon hadde sagt at du ville delta på CPAC og jobbe med presidenten med å filleriste regjeringa, sumpen eller kva du enn kallar det, ville du trudd det?
Musk: Nei. Men det er kult. Det er supert. (Til publikum) Takk for støtta. Vi freistar å få gjort ting og ha det kjekt medan vi gjer det – og ha humoristisk sans. Venstresida vi gjere humor ulovleg. Ingenting skal vere morosamt no. Ein kan ikkje spøke med noko som helst. Legaliser humor!
Schmitt: Heile kulturen er forandra. På nokre få månader har kulturen endra seg dramatisk på grunn av valet.
Musk: Ja, talefridom og å ha det morosamt… Vi må jo ha det gøy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.