Eg trur på Den heilage anden …
Blabla
Slik lyder det kvar søndag i kyrkjene våre når kyrkjelyden seier fram truvedkjenninga. Den heilage anden er ein del av guddommen, av den treeinige guden. Ved kyrkjemøtet i Konstantinopel i år 381 vart han tatt inn som ein person i guddommen, og fekk den statusen i kyrkjelæra han i dag har.
Som tydeleg historisk aktør dukka han opp hos evangelistane Matteus og Lukas, der han av engelen Gabriel blir tildelt ei rolle då gudesonen Jesus blir annonsert på veg inn i verda. I Apostelgjerningane kom han ned frå himmelen på pinsedagen, som eit sterkt vêr, og fylte dei alle med si kraft. Dei fekk sjå tunger av eld, og dei tok til å tale i tunger på framande språk.
Også han vart eit stridens eple. Kven, eller kva, var no dette vesenet, med slik underleg og synleg framferd?
Kyrkjesoga, og den politiske soga, er full av strid om guddommen, minst om Faderen, mykje om både Sonen og Anden.
I urkyrkja var det ein langvarig og blodig strid om Kristus, som altså var gud og menneske på same tid. Kunne det i det heile vere mogeleg? Kunne det forståast? Det vart kristologisk strid, kyrkjekløyving, blod og landsforvising. Dei som hadde avvikande lære, reiste gjerne bort og skipa kyrkjelydar langt bort frå dei gamle sentra.
I vår sekulære tid er desse debattane og denne striden underleg lesnad, ikkje minst er temperaturen og aggressiviteten vanskeleg å forstå. Vi, i dag, vil meine at dei forfølgde kvarandre for saker dei ikkje kunne ha faktisk kunnskap om, eit underleg tankespinn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.