Ei akademisk luksusfelle

Filosofane ved Universitetet i Oslo bygde eit fagmiljø av høg internasjonal klasse. Så tok pengestraumen slutt.

Publisert Sist oppdatert

Inntil ganske nyleg såg det lyst ut for filosofane ved Universitetet i Oslo. Fagmiljøet deira gjorde det godt på internasjonale rangeringar og trekte til seg framståande forskarar frå utlandet. Ein viktig grunn til framgangen var det som bar namnet Senter for rasjonell, moralsk og språkleg handling (CSMN), eit såkalla Senter for framifrå forsking, med finansiering frå Noregs Forskingsråd. Føremålet med slike senter er å byggje opp fagmiljø i internasjonal toppklasse, og CSMN lukkast godt i sine tilmålte ti år frå 2007 til 2017.

Med fagleg framgang kom det pengar. Filosofane var ikkje berre flinke til å tenkje, dei var òg flinke til å skrive søknader og skaffe ekstern finansiering. Det medverka til ein tilsynelatande sterk økonomi ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Økonomien var faktisk for god. Så seint som i 2016 brukte instituttet for lite pengar i forhold til inntektene, meinte fakultetsleiinga, og kuren mot lidinga underforbruk var å hyre inn ei rekkje nye forskarar (proaktiv dimensjonering av stillingsmassen, vart det kalla i sakspapira).

Sparekniv

Men brått vart problemet det stikk motsette. I 2018 viste det seg at utgiftene ved IFIKK var 18 millionar kroner større enn inntektene. I fjor peika prognosane mot eit samla underskot på 56 millionar kroner dei neste fire åra, skreiv avisa Khrono i desember. Om instituttet hadde vore ei bedrift, ville det ha vore konkurs. No må det kuttast på alle baugar og kantar, frå kaffimaskiner til ex.phil.-undervisning. Og fagmiljøet som vart bygd opp ved CSMN-senteret, til dels med høgare løner enn det som hadde vore normalt ved HF-fakultetet, slepp neppe unna sparekniven.

Leiarane ved IFIKK og fakultetet stridest framleis om skulda, og den oppvasken skal vi ikkje leggje oss opp i her. Og det var slett ikkje berre avslutninga av CSMN-senteret i 2017 som raserte økonomien til instituttet. Likevel kan denne historia vere eit utgangspunkt for å diskutere potensielle problem med sentera for framifrå forsking (SFF), som skal vere sjølve juvelane i krona til Forskings-Noreg.

Nobeldraumar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement