Ei beksvart historie
Den nær totale øydelegginga viser at den israelske regjeringa vil gjere Gaza ubebueleg, hevdar historikar Rashid Khalidi.
Palestinarar ved restane av moskeen etter eit bombeåtak i flyktningleiren Khan Younis sør i Gaza 8. november i fjor.
Foto: Mohammed Dahman / AP / NTB
Historikaren Rashid Khalidi er ei av dei tyngste palestinske røystene i den akademiske verda, sjølv om han strengt teke er amerikanar, fødd og oppvaksen i New York og utdanna ved Yale og Oxford. Faren var palestinar frå Jerusalem med saudiarabisk statsborgarskap og FN-jobb, medan mora var libanesisk-amerikansk. Khalidi har palestinsk historie som spesialfelt. Han har hatt lange opphald i Midtausten, og har mellom anna undervist ved American University i Beirut. Khalidi var òg rådgjevar for PLO i fredsforhandlingane som tok til i Madrid i 1991. Likevel kjenner han seg ikkje kalla til å spå kva politiske utfall Gaza-krigen kan få.
–?Det er umogleg å seie medan krigen rasar, men nokre ting veit vi alt: Dette er ein av dei største tragediane i historia til det palestinske folket. Under krigen i 1948 måtte 750.000 palestinarar flykte, no er talet på fordrivne nærare to millionar. Talet på drepne palestinarar er òg det største nokon gong, seier Khalidi
– Talet på drepne israelske sivile 7. oktober er òg det høgaste i nokon krig Israel har vore med i. Dei sivile offera var nesten 800. Dette får ein traumatisk verknad på båe folka. Men kva dei politiske resultata blir, er umogleg å seie. Sjølv når krigen ein dag blir stogga av USA, er det ikkje sikkert vi veit kva det politiske utfallet blir.
Brutaliteten i Hamas-åtaket kan ikkje legitimere det som no skjer i Gaza, meiner Khalidi.
– Israel har fordrive nesten to millionar menneske frå heimane sine og øydelagt det meste av infrastrukturen. Meir enn 23.000 palestinarar er drepne og nesten 60.000 skadde. Ugjerningane Hamas gjorde mot israelarane, kan ikkje rettferdiggjere ugjerningane i Gaza no, som er i ein heilt annan skala.
Fordriving
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.