Ei bøn til statsministeren
Statsminister Jonas Gahr Støre bør sjå på dei uverdige ordningane til ureturnerbare asylsøkjarar – at ein tek både stemme, identitet, papir og livsmeining frå dei som er fanga her i landet.
Søndag ettermiddag heldt statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tale i takkegudstenesta for den sørafrikanske kyrkjeleiaren, aktivisten og nobelprisvinneren Desmond Mpilo Tutu som døydde 26. desember.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Biskop Tutu er død, og dermed blir minnet om han levande. Søndag overførte NRK ei fin takkegudsteneste der den særprega biskopen blei æra og mint. Det var ei verdig markering. Tutu hadde då også sterke band til Noreg.
Det innlegget som gjorde sterkast inntrykk, var talen til statsminister Støre. Det var heilt fritt for det sjølvgratulerande «sjå kor flinke vi var til å hjelpa denne mannen». I staden teikna Støre eit bilete av ein mann som stod for noko anna enn oss, noko utfordrande og viktig. Ikkje berre var gudstenestelivet gledesfylt og lattermildt på ein måte som er fjernt frå den norske måten. Framfor alt såg han hos Tutu ein kombinasjon av respekt for motparten og ein sterk vilje til konfrontasjon, der sanninga er det skiljande kriteriet.
Etisk perspektiv
Dette gjer politikk til noko meir enn småkranglar om budsjettet. Det svarer til eit tema Støre også var inne på i nyttårstalen: kor avgjerande det er å ta andre på fullt alvor, setja seg ned og lytta, og leva seg inn i korleis dei opplever verda. Det er eit grunnleggjande etisk perspektiv på politikk, og det er både viktig og på eit vis overraskande frå ein politikar som kvar dag må handtera straumprisar og nedstengingar frå time til time.
Delar av det politiske kommentariatet ville nok sikkert ha kasta dette i ansiktet på Støre, sidan dei stadig jaktar på han og triumferer over fallet i oppslutning. Men det blir han truleg spart for, sidan kommentariatet sjeldan hentar ammunisjonen frå takkegudstenester. Eg har ikkje noko ynske om å bruka dei etiske vurderingane hans i billeg polemikk. Men med respekt for at statsministeren stilte seg sjølv overfor dei utfordringane eksemplet til Tutu reiser, vil eg ta opp ei sak som er ein verkebyll i samfunnet vårt.
Ingen rettar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.