Energi

Ei brutal avvenning

Tyskland og andre EU-land må gjennom ei hard omstilling om dei skal bli uavhengige av russisk gass. Men det er mogleg.

TOMME RØYR: Frå bygginga av gassrøyrleidningen Nordstream 2 gjennom Austersjøen. Leidningen til 90 milliardar kroner skulle frakte gass frå Russland til Tyskland, og er no ferdig, men kjem neppe til å bli teken i bruk.
TOMME RØYR: Frå bygginga av gassrøyrleidningen Nordstream 2 gjennom Austersjøen. Leidningen til 90 milliardar kroner skulle frakte gass frå Russland til Tyskland, og er no ferdig, men kjem neppe til å bli teken i bruk.
Publisert

Den russiske invasjonen av Ukraina har vist at kritikarane av gassavtalane mellom Russland og EU-landa hadde rett: Det er farleg å basere mykje av energiforsyninga si på ein stat som den russiske. No har Putin vist det sanne andletet sitt, og EU prøver i all hast å finne alternativ.

I dag kjem kring 40 prosent av gassforsyninga si til EU frå Russland, og målet er å kome seg fri frå dette bandet så raskt som råd. «Vi må bli uavhengige av russisk olje, kol og gass. Vi kan ikkje basere oss på ein tilbydar som eksplisitt trugar oss», erklærte Ursula von der Leyen, president i EU-kommisjonen, i ei pressemelding 8. mars.

Gassgrepet

I denne artikkelen let vi i hovudsak olje og kol liggje. Det er gassen som er spesielt interessant i denne samanhengen, sidan så mykje av leveransane kjem gjennom røyrleidningar og difor er ekstra vanskelege å erstatte. Gassimporten er så langt ikkje råka av sanksjonar frå EU, fordi det ville skape for store problem i mange medlemsland. Men sist veke la EU fram ein plan for å kutte importen av russisk gass med to tredelar i løpet av året, og å avslutte importen heilt innan 2030.

Tiltaka EU-kommisjonen foreslår, spenner vidt og breitt og er både kortsiktige og langsiktige: å spare gass ved å skru ned varmen i heimane, å importere meir gass frå andre produsentland, å utvikle hydrogen som energiberar og å satse enda hardare på å byggje ut fornybar energiproduksjon, for å nemne noko.

Er det mogleg å frigjere seg frå det russiske gassgrepet så fort som EU legg opp til? Og kan det kanskje gå enda fortare, om viljen er stor nok?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement