Krig
Ei fangeutveksling og andre ting som ikkje er til å le av
Talet på offisielt «sakna» ukrainske soldatar overstig 15.000.
Brann herjar i Kyiv etter russisk rakettåtak mot ei bustadblokk 2. januar i år.
Foto: Yevhen Kotenko / Reuters / NTB
I byrjinga av januar vart det kjent i landsbyen Solovjovka at meinig Jurij Jakovenko, som budde i denne landsbyen, var død. Familien til den avlidne bar mørke klede i sorga. Ei grav vart graven på kyrkjegarden. Naboar og vener budde seg på å ta imot gravferdsbilen med kroppen til den døde morgonen etter.
Men det vart ikkje noka gravferd. Slektningane kjende ikkje att liket som Jurij Jakovenko. Det var ein annan person. Vener og slektningar kvikna til. Somme ymta om at han var i live. Trass alt kan «sakna» tyde at han var teken til fange.
I dei første januardagane utveksla Russland og Ukraina krigsfangar for første gong på seks månader. Til Ukraina kom 230 attende – militære og sivile. Blant dei var det 48 militære som var rekna som «forsvunne i kamp».
Utvekslinga gledde slektningane og venene til dei som vart sette fri. Men det vart tyngre for dei som framleis lyt vente på sine, anten dei er krigsfangar eller «sakna». Talet på offisielt «sakna» ukrainske soldatar overstig 15.000 personar. Det er om lag 6000 fangar i Russland. Dei fleste av desse fangane er identifiserte, det vil seie at dei ikkje er med på lista over sakna personar.
Den opne grava på kyrkjegarden i landsbyen Solovjovka er ikkje graven forgjeves. Nokon vil bli gravlagd der, vonleg ein person som døydde ein naturleg død etter eit langt og fruktbart liv.
Blant dei militære som kom attende frå fangenskap tidleg i januar, var Galina Fedysjyn, ein kvinneleg marinesoldat og sjukepleiar. Ho var med på forsvaret av Mariupol og sat nesten to år i fangenskap. Marinesoldaten Mykola Gritsenjak forsvara Mariupol saman med henne. Han vart òg teken til fange, men dei fekk til å utveksle han mykje tidlegare, i september 2022. Så snart Galina Fedysjyn var komen attende til Ukraina frå fangenskapet, fridde Mykola til henne, og ho sa ja til å bli kona hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.