Ei god tid for banksjefar

Fortenesta til norske bankar slår alle rekordar. Kva fortel det om bankmarknaden?

Konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen (t.v) og finansdirektør Ida Lerner på veg inn for å presentere resultatet for 4. kvartal i fjor. DNB hadde i fjor det største overskotet nokon gong. Braathen kunne gle seg over ei årsløn på nesten 16 millionar.
Konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen (t.v) og finansdirektør Ida Lerner på veg inn for å presentere resultatet for 4. kvartal i fjor. DNB hadde i fjor det største overskotet nokon gong. Braathen kunne gle seg over ei årsløn på nesten 16 millionar.Konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen (t.v) og finansdirektør Ida Lerner på veg inn for å presentere resultatet for 4. kvartal i fjor. DNB hadde i fjor det største overskotet nokon gong. Braathen kunne gle seg over ei årsløn på nesten 16 millionar.
Publisert

Norske bankar er inne i ein gullalder. Overskota er dei største nokon gong, det same er utbyta til aksjonærane. I fjor var det samla resultatet til bankane 88,5 milliardar kroner etter skatt, 17 milliardar meir enn i 2022. DNB tente nesten 40 milliardar kroner etter skatt i fjor, og betalte ut 25 milliardar i utbyte til eigarane. Det er ikkje rart at banksjef Kjerstin Braathen smiler breitt på alle avisbilete for tida. Det er mindre grunn til å smile for dei som betaler gildet. Renta bit no hardt for svært mange nordmenn med store bustadlån, mange av dei tekne opp i den lange lågrenteperioden etter finanskrisa i 2008.

Dette er ikkje noko særnorsk fenomen. Banksektoren i Europa har fått eit kraftig oppsving i lønsemda sidan rentene tok til å stige. Somme norske bankar har gjort det særs godt. Ei rangering Bloomberg Intelligence laga i fjor, tydde på at norske DNB var den nest mest lønsame storbanken i Europa i 2022. Berre belgiske KBC Group vart rangert som meir lønsam, skreiv Dagens Næringsliv i fjor.

Prisen for pengar

Kvifor tener eigentleg bankane så godt for tida? At styringsrenta stig, tilseier ikkje at dei skulle tene mykje betre. Prisen på pengar har jo stige for bankane òg. Og om bankane auka utlånsrenta og sparerenta i takt, vart det ikkje så store utslag på fortenesta. Men det gjer dei ikkje. Når Noregs Bank har jekka opp styringsrenta, har bankane heve utlånsrenta langt meir enn innskotsrenta.

Så kunne ein tru at konkurranse skulle halde fortenesta nede: Dei fleste bankprodukt er til forveksling like konkurrentane sine: Pengar er pengar. Dermed burde sparekundane strøyme til banken med høgast innskotsrente, og lånekundane burde strøyme til banken med lågast lånerente. Konkurransen skulle så drive fortenesta ned for bankane. Men ikkje alle er overtydde om at denne marknaden fungerer.

«Har konkurransen i det norske bankmarkedet noen gang vært svakere», spurde nyleg forvaltar Sigmund Håland i ein kommentar i Dagens Næringsliv. Rentemarginen i personmarknaden – skilnaden på lånerente og innskotsrente – var i snitt på nesten 3 prosent i fjor, påpeika Håland. Det er den høgaste marginen på 24 år, syner tal frå SSB. Fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet hadde ei delforklaring i Nettavisen i fjor: «Bankene nyter godt av at forbrukerne har blitt vant til at innskuddene våre gir liten eller ingen rente.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement