Politikk
Ei god tid for løgnarar
Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.
I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.
Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB
I Global Risks Report, den årlege risikorapporten til Verdas økonomiske forum (WEF), ligg feil- og desinformasjon øvst på lista over dei ti største truslane dei neste to åra, framfor ekstremvêr, økonomisk uro og krig.
Grunnen til at lista ser slik ut, er at 2024 er valår for opp mot tre milliardar menneske. Russarar, britar, iranarar, pakistanarar og mange andre har alt gått til urnene, og det er straks val i USA. Neste år er det nordmenns tur. Og for første gong er kunstig intelligens (KI) eit verkemiddel.
– Det har vore stor spenning knytt til bruken av KI i valkampane, seier Hanne Sofie Lindahl.
Ho er prosjektleiar i Teknologirådet, som gir råd til Stortinget og regjeringa om ny teknologi. Ved kvart årsskifte leverer rådet ein teknotrendrapport, og i årets rapport står KI sentralt.
– Det har blitt billig og enkelt å lage KI-generert medieinnhald, og no er kvaliteten så høg at det kan vere vanskeleg å sjå forskjell på falsk og ekte informasjon. I tillegg har det vore fritt fram, også i politikken. Når det er få reglar og lite openheit rundt bruken av KI, blir det lettare å lyge.
At Donald Trump påstår at folkemengda Kamala Harris taler til, er KI-generert, mens han sjølv publiserer KI-generert innhald der han blir hylla av folk som aldri ville stemt på han, seier litt om kompleksiteten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.