Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982. Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Det einaste møtet mitt med Hizbollah fann stad våren 2004. Khodor Noureddine, medlem av det politiske rådet til rørsla, tok imot meg i lyse og nyoppussa kontorlokale i den sjiamuslimske bydelen Dahieh sør i Beirut. Berre det dystre andletet til ayatolla Khomeini i glas og ramme på veggen braut med kjensla av å vere i lokala til eit reklamebyrå eller konsulentfirma.
Samtalen med Noureddine var ikkje av det avslappa slaget, og handla mellom anna om terrorisme, borgarkrig, sharialovar, okkupasjon og rakettåtak på Israel. Men mykje av det vi snakka om, såg ut til å vere avslutta eller nesten avslutta kapittel.
Optimisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.