Økonomi

Ei korrupt verd

Amerikanaren Jared Bibler var sjefetterforskar på Island etter bankkrisa. No har han skrive ei nattsvart bok om både den islandske og den internasjonale finansmarknaden.

Jared Bibler.
Jared Bibler.
Publisert

Den fyrste innsidesaka det islandske Finanstilsynet (FME) sende over til statsadvokaten, som hadde fått i oppdrag å døma i det minste nokre av svindlarane, var nokså enkel, men pikant. Han som var skulda for innsidehandel, arbeidde nemleg i det islandske finansdepartementet, og det er alltid uheldig når tilsette i eit finansdepartement vert skulda for å nytta innsideinformasjon til å gjera seg sjølv rikare. Det er difor tilsette i finansdepartementet stort sett verda over har forbod mot å eiga aksjar i einskildfirma.

Kva var så byråkraten skulda for? Jau, rett før bankkollapsen i Landsbanki, den eldste banken på Island som i si tid hadde vore sentralbanken, hadde byråkraten eit møte med den administrerande direktøren i Landsbanki. Direktøren sa at det gjekk mot konkurs. Då møtet var over, ringde byråkraten straks meklaren sin og bad han selja alle aksjane byråkraten hadde i Landsbanki. Byråkraten hadde aksjar som då var verde 2,3 millionar dollar. Etter salet sette byråkraten inn pengane på ein vanleg bankkonto.

Samstundes arbeidde finansdepartementet med ei naudlov som Lagtinget vedtok då Landsbanki og dei to andre store bankane, Kaupthing og Glitnir, gjekk konkurs hausten 2008. Lova gav fullt vern for alle pengar islendingar, men ikkje utlendingar, hadde ståande på bankkonto. Det islandske penge- og betalingssystemet måtte haldast oppe. Byråkraten var sikra alle dei 2,3 millionane dollarane han hadde selt aksjar for.

Finansråden

Kven var så byråkraten? Det var sjølvaste finansråden, den mektigaste embetsmannen i den islandske regjeringa, Islands svar på slike som Arne Øien, Svein Gjedrem og Tore Eriksen. Soga er henta frå den nye boka Iceland’s Secret. The Untold Story of the World’s Biggest Con, som har fått strålande kritikkar i mellom anna Financial Times. Boka er skriven av amerikanaren Jared Bibler, som er utdanna ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og arbeidde som programmerar på Wall Street, før han fann ut at han ville flytta til Island.

På Island byrja han fyrst som kodar for eit lite firma, før han tok seg arbeid i Landsbanki, der han mellom anna arbeidde med å laga ulike investeringsprofilar for dei islandske pensjonsfonda. Berre dagar før Landsbanki gjekk konkurs, sa han opp arbeidet. Han var lei av den totale mangelen på profesjonalitet og integritet. Nokre månader etter konkursen fekk han arbeid som sjefetterforskar ved FME, der han la grunnlaget for å få dømt nokre av dei største dokumenterte svindlarane i verdssoga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement