Ei melding for optimistar
Perspektivmeldinga til regjeringa går ut frå at måla i Parisavtalen blir nådde. Det er lite realistisk.
Ekstremvêret «Hans» råka Hønefoss sentrum (biletet) og andre område i Sør-Noreg i august i fjor og har kosta om lag 6,5 milliardar kroner å rydde opp etter. Slike konsekvensar burde vore drøfta i den nye perspektivmeldinga, meiner oseanograf og klimaforskar Helge Drange.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Gjennom Parisavtalen frå 2015 har Noreg og dei fleste andre landa i verda forplikta seg til å halde den globale temperaturstiginga på godt under to grader jamført med førindustriell tid, og å prøve å avgrense oppvarminga til halvanna grad. Landa forplikta seg òg til å setje meir ambisiøse mål for å redusere eigne utslepp kvart femte år, og å melde inn til FN korleis arbeidet går.
Ni år etter at avtalen vart underteikna, går klimautsleppa i verda framleis oppover. Samstundes har vi nyleg vore gjennom den varmaste junimånaden som nokon gong er registrert, og temperaturane på verdsbasis har i tolv månader på rad lege meir enn halvanna grad over nivået frå før industrialderen, ifølgje EUs klimaovervakingsteneste Copernicus Climate Change Service.
Dette ser derimot ikkje ut til å påverke den norske regjeringa. Analysen hennar av utviklinga til norsk økonomi fram mot 2060 byggjer nemleg på ein føresetnad om at verda kjem til å lukkast med å avgrense oppvarminga i tråd med målet i Parisavtalen, punktum. Det går fram av Perspektivmeldinga 2024, som finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram førre veke (sjå faktaboks).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.