Politikk
Ei merkeleg form for pomorhandel
Verdien av dei russiske fiskelandingane i Noreg er ikkje enkel å få innsyn i.
I sommar skreiv fleire aviser at russiske båtar hadde levert fisk i Noreg for kring halvannan milliard kroner så langt i år. Men det stemmer ikkje. Det reelle talet er svært vanskeleg å finne, av grunnar vi skal kome attende til. Og måten den russiske fiskeeksporten via norske hamner går føre seg på, er i seg sjølv verd å studere litt nærare.
Forhistoria går attende til samanbrotet for sovjetkommunismen. På 1990-talet vart det mogleg for russiske fiskebåtar å levere fangstane sine i Noreg, og for ein del norske foredlingsbedrifter vart «russarfisk» berginga etter at norske trålreiarar slutta å levere råstoff. Dette var ein vinn–vinn-situasjon for russiske fiskarar (som fekk betre betalt enn heime) og for norske mottak (som fekk fisk å arbeide med). Og den norske insisteringa på at russiske trålarar må få bruke nordnorske hamner, ville vore lettare å skjøne for eit par tiår sidan, da russarfisken berga mange arbeidsplassar her i landet.
Frysehotell
I dag gjer derimot dei fleste russiske trålreiarane som dei fleste norske: Fangsten blir frosen om bord og levert til såkalla frysehotell på land, til dømes i Tromsø, Båtsfjord, Kirkenes eller Sortland. Så kjem det fryseskip som tek han ut i verda til eksportmarknadene, ofte via Rotterdam. Berre ein liten del av russarfisken blir foredla i Noreg. Og så er vi framme ved det som gjer verdien av denne pussige pomorhandelen så vanskeleg å kartleggje.
For sjølv om Råfisklaget har tal som fortel at russiske skip har landa 96.000 tonn fisk til ein verdi av ca. 1,6 milliardar kroner i norske hamner så langt i år, er ikkje dette den verkelege verdien. Dette er ein formell transaksjon, den såkalla førstehandsomsetnaden, som er eit krav for at russarar skal få lande fangsten sin i Noreg. Men fisken blir ikkje eigentleg kjøpt av norske kundar, dette er ein formell transaksjon via ein norsk agent. Den verkelege handelen med fisken skjer med kjøparar ute i Europa eller i Kina, som betaler ein langt høgare pris enn den minsteprisen Råfisklaget opererer med i statistikken sin.
Ukjend pris
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.