Politikk
Ei nødvendig avgjerd
Hadia Tajik kunne ikkje gjere anna enn å gå av som arbeids- og inkluderingsminister.
Hadia Tajik (Ap) kunngjorde avgangen sin på ein pressekonferanse i Marmorhallen i Oslo onsdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Då LO-toppane Peggy Hessen Følsvik, Mette Nord og Jørn Eggum gjekk ut i VG måndag og bad Hadia Tajik leggje alle kort på bordet i pendlarbustadsaka, vart det klart at det ville verte vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, for Ap-nestleiaren å halde fram som arbeids- og inkluderingsminister.
Ein ting er at opposisjonspolitikarar og pressa har stilt henne til veggs. Ein annan er at dei som vert rekna som dei sterkaste støttespelarane til regjeringa, gjer det. Og det på ein svært kalkulert måte, i landets største nettavis. LOs tre mektigaste leiarar sit ikkje berre i Aps sentralstyre, men representerer nærmare ein million LO-medlemer – medlemer Hadia Tajik i rolla som arbeidsministar var sett til å tene. Såkalla vanlege folk.
Når dei ikkje var nøgde med svara frå Tajik og ho ikkje kunne servere fyldigare svar, var den naturlege utgangen å gje frå seg nøkkelkortet til departementet.
Burde gått før
Når det er sagt, er det gode grunnar til at ho burde gått av også uavhengig av mediestuntet frå dei tre LO-toppane. Ein av grunnane er realitetane i saka.
Det vi veit, er at Tajik, då ho var politisk rådgjevar i regjeringa, fekk skattefri bustad i perioden 2006 til 2010 etter å ha gjeve feil opplysningar til Statsministerens kontor. Bustadkontrakten ho leverte inn for å dokumentere kostnader til bustad i heimfylket, vart lagd i ein skuff. Ho budde aldri i bustaden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.