Politikk
Ei regjering som bryr seg lite om innsynsretten
I 2017 retta Riksrevisjonen hard kritikk mot regjeringsapparatet for dårlege rutinar med journalføring av dokument og behandling av innsynskrav. Eit samla storting slutta seg til kritikken. To år seinare er klare lovnadar frå regjeringa enno ikkje innfridde.
Erna Solberg tar sjølvis med den utvida regjeringa i representasjonsbustaden i januar i år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
Riksrevisjonen, som er kontrollorganet til Stortinget, granska i åra 2016–17 journalføringspraksis, arkivering og behandling av innsynskrav i departementa og ved Statsministerens kontor. Rapporten avslørte at kravet om kontinuerleg journalføring i hovudsak ikkje var oppfylte, at arkiveringa i fleire departement og statlege verksemder var mangelfull, at altfor mange dokument vart unnatekne innsyn på førehand, og at behandling av innsynskrav burde bli langt betre. Verstingen når det gjaldt sein publisering av postjournalen, var Justisdepartementet, som er ansvarleg for offentleglova og forvaltningslova.
Konsekvensen av sein journalføring er dårlegare kår for innsyn og offentleg debatt, har Norsk Presseforbund og Sivilombodsmannen fleire gongar slege fast.
Felles rettleiar
Eit sentralt punkt for Riksrevisjonen var at det burde utarbeidast ein felles rettleiar for arkivering, journalføring og klassifisering av dokument for regjeringskontora. Kontrollkomiteen på Stortinget slo også fast dette. Komiteen skreiv i innstillinga si at «offentlighet i forvaltningens arbeid er et viktig prinsipp i et åpent og demokratisk samfunn. Grunnloven § 100 fastsetter retten til innsyn i statens dokumenter og plikten statens myndigheter har til å legge til rette for en åpen og opplyst samtale».
Arkivverket fekk i oppdrag frå Kulturdepartementet å utarbeide slikt rettleiingsmateriale. Først 5. juni i år var arbeidet med rettleiaren kome så langt at Arkivverket kunne presentere førebels materiale på eit internseminar for sentraladministrasjonen. Den nye rettleiaren er enno ikkje på plass.
Kulturdepartementet, som var oppdragsgjevar for Arkivverket, og som har fagansvaret for arkivlov og arkivering, var ikkje representert på seminaret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.