Kommentar
Ei slagmark av løgner
USA visste tidleg at det meste gjekk gale i Afghanistan. Krigen blei bygd vidare på løgn og medviten manipulasjon som norske politikarar enten slukte eller var med på.
President George W. Bush innsåg at han ikkje kunne vinne nokon krig i Afghanistan med president Hamid Karzai som juniorpartner.
Foto: Charles Dharapak / AP / NTB
Den nye boka til den undersøkande Washington Post-journalisten Craig Whitlock har tittelen The Afghanistan Papers. Ho bygger på offisielle dokument frå dei amerikanske styresmaktene. I den godt tima boka blir det skapt eit bilete av inkompetanse og kynisme som vil vere svimlande sjølv for folk som har vore utan illusjonar om krigen i Afghanistan.
Konspirasjonsteoriar er heilt overflødige, med så mange konkrete avsløringar, som byggjer på konkrete, offisielle kjelder. Ein konspirasjon gjekk føre seg. Teoriar trengst ikkje lenger.
Alt i presidentperioden til Bush skjønte dei at dei ikkje kunne vinne krigen. Derfor laga dei ein strategi som seinare er blitt følgd, av Obama, og til og med av Trump. Forteljinga blei dreidd bort frå den uvinnelege, evinnelege krigen til å handle om framsteg, progress.
Legitimeringa av okkupasjonen har i femten år krinsa rundt dette ordet. Det har vore ei endelaus rekkje av framsteg i Afghanistan, som gjeld utdanning, likestilling, det sivile samfunnet, media og afghanarane sine evner til å styre sjølv og ta hand om sin eigen tryggleik – heil til alt rakna, nesten før flya med dei tilbaketrekte amerikanske styrkane hadde rokke å lande i heimlandet.
Alle i Noreg kjenner denne retorikken i detalj. For han er ganske konsekvent blitt kopiert av norske statsministarar, utanriksministarar og forsvarsministarar i minst femten år. Vi snakkar om Jonas Gahr Støre, Espen Barth Eide, Grete Faremo, Anne-Grete Strøm-Erichsen, Børge Brende, Ine Marie Søreide og sist Frank Bakke-Jensen. Alle har tvihalde på ei endelaus forteljing om framsteg, som til slutt skulle gjere Afghanistan til eit fritt og demokratisk land.
I roller som statssekretær, forsvarsminister og utanriksminister var nok Eide den mest korttenkte og ivrige marknadsføraren av krigen, på vegner av USA, dei første ti åra. Frank Bakke-Jensen blei den siste. Han skrytte av dei store framstega som blei gjorde i nasjonsbygginga, heilt til siste slutt. Og han heldt utruleg nok fram, sjølv etter at Taliban tok over landet på ei veke, utan motstand. For eksempel uttalte han til Forsvarets Forum 18. august: «Afghanistan er et annet samfunn. Et mer moderne samfunn. Mange har fått utdannelse og er samfunnsmessig og demokratisk skolerte. Befolkningen er mer bevisst på menneskerettigheter og kvinners rettigheter.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.