Utanriks
Ei slagmark i rus
I krig tar våpen liv. Men også narkotika tar liv. I Ukraina er det vanskeleg å snakke om.
Ein ukrainsk soldat sit i ei skyttargrav ved fronten. Både russiske og ukrainske soldatar tyr til rusmiddel for å halde ut.
Foto: Bram Janssen / AP / NTB
At soldatar rusar seg, er ikkje nytt. Men i tillegg til å bruke alkohol, cannabis og amfetamin, tyr dagens soldatar til nyare kjemiske stoff som MDMA og alfa-PVP («flakka» eller «salt»).
Ifølge det russiske nyheitsmediet Verstka, som blant andre The Times og Business Insider siterer, rusar mange seg til «zombiar». Påstanden blir understøtta i ein rapport utgitt av britiske Royal United Service Institute i 2023: «Ifølge ukrainske soldatar er mange russarar påverka av amfetamin eller andre narkotiske stoff.»
Dette medfører at dei tar unaturleg store sjansar og kan verke likegyldige når medsoldatar døyr, skriv forskarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.