Ei tydeleg røyst
Fauzia Hashi tek ordet der andre teier.
Vi høyrer stadig om kor vanskeleg det er å integrera somaliarar. Statistikken syner dystre tal mellom anna når det gjeld sysselsetjing. Det kan vera vanskeleg å integrera seg i eit nytt land, det er krevjande å læra seg eit nytt språk, skaffa seg nettverk og arbeid. Viss ein kjem frå eit land i krig, tek det tid å arbeida med det ein har opplevd. Ein del av dei som kjem hit, har ingen skulegang frå heimlandet, noko som gjer det ekstra vanskeleg å læra seg det norske språket.
Heldigvis finst det mange som arbeider hardt for at dei som kjem hit, skal verta ein del av samfunnet. Ei av dei er Fauzia Hashi. Ho er ei tydeleg røyst i det somaliske miljøet. Ho er gift og har fire born, og ho arbeider hardt og er særleg oppteken av rettane til kvinner og born i det somaliske miljøet. Dette er emne som er vanskelege å ta opp for ein del somaliarar. Tek ein opp slike emne, kan ein lett verta stempla som for norsk og vantru.
Kvar morgon og kveld les eg oppdateringane som Fauzia har gjort på Facebook. Ho er ikkje redd for å seia det ho meiner, ho tek ordet der andre teier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.