Ei verdsordning i oppløysing
Internasjonal politikk tek meir og meir farge av dei resultatlause samkomene, med Tryggingsrådet i FN som fremste symbolet på manglande handlekraft.
Samstundes som Russland har formannskapet i Tryggingsrådet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no, skriv Bernt Hagtvet.
Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP / NTB
Den 1. juli tok Russland over formannskapet i Tryggingsrådet i FN. Rådet har dei fire sigersmaktene frå andre verdskrigen som faste medlemmer med vetomakt, og Kina heng ved som den femte vetomakta. Tryggingsrådet har som hovudoppgåve å styra etter paragrafane i FN-pakta. Pakta er sjølve golvet i den internasjonale rettsordenen etter 1945 og det fremste symbolet på siviliseringsarbeidet i internasjonal politikk som voks fram etter at Nazi-Tyskland gjekk under i 1945.
Samstundes som Russland no har formannskapet, er landet inne i det tredje året som aggressor mot nabolandet Ukraina. Slik er det uhyggelege paradokset i internasjonal politikk nett no.
Putin-regimet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.