Ein ærleg mann som tok feil

Gorbatsjov var eit heilt ærleg og anstendig menneske. Difor måtte han mislukkast med å reformera Sovjetunionen.

Publisert Sist oppdatert

Om Mikhail Gorbatsjov hadde vore ein tradisjonell russisk maktpolitikar, hadde bodskapen denne veka vore at den sovjetiske diktatoren – den sjuande i rekkja – var død. Den 91 år gamle partisjefen hadde blitt boren ut av Kreml og lagd i ei grav rett utanfor festningsmuren.

Dette hadde vore den vegen historia ville ha gått, om det ikkje var for éin ting: Mikhail Gorbatsjov var ein ærleg, anstendig, men også veldig godtruande mann. Den største feilen hans var at han trudde altfor godt om sovjetsystemet. Han trudde på sosialisme med eit menneskeleg andlet, og han trudde at han – etter at han hadde klatra til topps i maktpyramiden – kunne forvandla arven etter Lenin, Stalin og Brezjnev til noko som likna på Einar Gerhardsens Noreg.

Optimisme

I ettertid er det lett å seia at det måtte gå gale. Men i samtida såg dei fleste ikkje slik på det. Eg hugsar godt då eg køyrde inn i Moskva sommaren 1988. Overalt såg ein parolar og banner med dei magiske trylleorda glasnost og perestrojka – openheit og ombygging. I tillegg var det endå eit ord som dukka opp på dei offisielle propagandaplakatane, nemleg demokratizatsija. Eg hadde fylgt Gorbatsjov tett heilt sidan han kom til makta i mars 1985, og vore på eit par reiser rundt i Sovjetunionen etter det. Men det eg såg denne sommaren 1988, var heilt overveldande. Det var som om verda var blitt til på ny.

I byrjinga gjekk det då også ganske bra. Under det som fekk namnet Den 19. allsovjetiske partikonferansen i månadsskiftet juni–juli det året, fekk Mikhail Gorbatsjovs reformer brei tilslutnad. Konferansen vedtok til og med ei målsetjing som gjorde at me journalistar som sat i Moskva, gnei oss i augo: Sovjetunionen skulle om ikkje altfor lang tid bli ein lovbasert stat. Sovjet var i ferd med å slutta seg til familien av rettssamfunn.

Det gjekk ikkje slik

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement