Ein by historia har herja med

Rafah var ein by med store arr alt før Gaza-krigen braut ut i fjor.

Publisert

Historia til Rafah strekkjer seg fleire tusen år attende: Byen er nemnd i egyptiske kjelder frå 1200 før Kristus. I moderne tid var Rafah og resten av Gaza ein del av Det osmanske riket fram til første verdskrigen og kom deretter under det britiske mandatområdet Palestina. I 1948 vart Rafah okkupert av Egypt, inntil Israel erobra alt land fram til Suez-kanalen i krigen i 1967.

Etter at Israel trekte seg ut av Sinai i 1982, vart Rafah delt i to. Ein del av byen vart liggande i Egypt, den andre på den okkuperte Gaza-stripa. Alle hus langs den nye grensa midt i byen vart rivne, slik at Israel og Egypt fekk laga breie buffersonar på kvar si side. Båe landa har seinare forsterka kontrollen langs grensa, mellom anna med stålgjerde som strekker seg mange meter ned i bakken for å blokkere for tunnelar.

I Rafah ligg den einaste grenseovergangen mellom Gaza og Egypt, og fram til 2005 hadde Israel kontroll med trafikken. Deretter skulle palestinarane sjølve kontrollere grensa i samarbeid med Egypt og inspektørar frå EU, men dette avgrensa sjølvstyret varte berre inntil Hamas kom til makta i Gaza. Sidan 2007 har Israel og Egypt samarbeidd om grensekontrollen i Rafah, og det meste av tida har grensa vore stengd. Under grensa har det blitt grave fleire hundre smuglartunnelar, trass i iherdige forsøk frå både Israel og Egypt på å stogge trafikken. Egyptarane har mellom anna brukt giftgass, vatn og sprengstoff for å øydelegge tunnelane.

I Rafah finst òg eit minne om eit tid med håp. Under fredsprosessen mellom Israel og palestinarane på 90-talet vart det vedteke at palestinarane skulle få ein eigen flyplass. Japan, Egypt, Saudi-Arabia, Spania og Tyskland stilte med pengar, og i 1998 opna Yasser Arafat International Airport litt utanfor Rafah by. President Bill Clinton var til stades under opningsseremonien saman med Arafat. Flyplassen i Rafah kom til å bli «ein magnet for fly frå heile Midtausten og resten av verda», spådde Clinton. Dette skulle vere byrjinga på «ei framtid der palestinarar kan reise direkte til fjerne verdshjørne».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement