Utanriks
Ein etnisk valkamp
Donald Trump speler på kvit nasjonalisme. Kamala Harris på fleirkultur. Kva for grupper som lèt seg mobilisere, kan avgjere valet, meiner USA-kjennar Ketil Raknes.
Kva for veljargrupper som lèt seg mobilisere, vil kunne avgjere om Donald Trump eller Kamala Harris vert vald til president 5. november.
Foto: Reuters Photographer / Reuters / NTB
Korleis kan vi forklare at Donald Trump vart vald til president i USA i 2016, og at han 5. november kan verte vald igjen? For å forstå oppslutninga om Trump må ein også forstå den rasistiske historia i USA, meiner USA-kjennar Ketil Raknes.
I boka Hvit makt – USAs rasistiske historie argumenterer han mot ei forklaring som har festa seg hos mange. Nemleg at arbeidarklasseveljarar som har mista jobben som følgje av globalisering, sikra Trump sigeren.
I dag veit vi at denne forklaringa er feil, skriv Raknes.
Det som i røynda kjenneteikna dei som røysta på Trump i 2016, og som vil gjere det igjen i år, er i hovudsak at dei ikkje liker muslimar, svarte og innvandrarar, og føler at kvite menneske vert diskriminerte i USA, skriv han.
Og vidare: I kampen for å halde på det kvite herredømet er dei villige til å ofre demokratiet i USA.
Sjølvoppgjer
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.