Politikk
Ein flaum av kostnader
Kloakk, kommunegjeld, rente, inflasjon, styrtregn og EU er nokre av grunnane til at lovnadene til Erna Solberg blir vanskelege å oppfylle.
Meir styrtregn er ein av fleire grunnar til at kommunane kan få større utgifter i åra som kjem. Biletet er frå Ljabruveien i Oslo 27. august, da uvêret «Hans» feia over Austlandet.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Etter alt å døme kjem Høgre til å bli den store valvinnaren i haust, og partiet kan rekne med å få ordføraren i langt fleire kommunar enn før. Dei komande valvinnarane har fått eit krevjande påbod frå partileiar Erna Solberg. «Dette er Høyres viktigste løfte for privatøkonomien til innbyggerne knyttet til kommunevalget: Nivået på eiendomsskatt, kommunale avgifter og gebyrer skal holdes nede der vi får ordfører, sier Solberg til VG», sa Solberg til VG 1. juni. Ho gjekk langt i retning av å love at skattar og avgifter skulle frysast på 2023-nivået: «Når vi kommer til kommunevalget i 2027, så bør ikke nivået på kommunale skatter, avgifter og gebyrer være høyere enn de er i dag i Høyre-kommuner», sa Solberg. Om ei avgift går opp, skal ei anna reduserast tilsvarande slik at summen ikkje aukar.
Denne lovnaden blir ikkje enkel å halde. Rett nok har norske kommunar inntil nyleg hatt gode dagar: Høg sysselsetjing og meir skatt enn venta frå utbyte har gjeve dei fleste kommunane større skatteinntekter enn budsjettert dei siste åra. I fjor var det berre 14 namn på Robek-lista, den statlege nidstonga som viser kommunar med alvorleg ubalanse i økonomien. Men no blir det langt trongare tider for Kommune-Noreg. Det er det fleire grunnar til, og vi byrjar med alt det som går i vasken.
«Prissjokk»
«Varsler prissjokk på vann og kloakk» var tittelen på ei NRK-sak i oktober i fjor. Det er gammalt nytt at det står dårleg til med vassleidningar, avløpssystem og reinseanlegg i mange kommunar. Somme stader er vassrøyra meir enn 100 år gamle, og etterslepet på vedlikehald er enormt. I tillegg kjem behovet for å oppgradere infrastrukturen for å møte nye krav til vassforsyning og avløp. I 2021 kom ein rapport tinga av bransjeorganisasjonen Norsk Vann. Den tok for seg investeringsbehova til kommunane i vatn og avløp fram til 2040, og kom fram til ein kolossal sum: 330 milliardar kroner, var anslaget.
Kostnadene med vatn og avløp skal dekkjast etter sjølvkostprinsippet: Gebyra skal verken vere større eller mindre enn det tenestene kostar kommunane. Om anslaget frå Norsk Vann held vatn, inneber det i snitt ei dobling av gebyra for vatn og avløp i norske kommunar. I somme regionar kan det bli snakk om ei tredobling. Ein slik prisauke kjem til å svi for mange. I fjor var dei samla gebyra for vatn og avløp for ein gjennomsnittleg bustad i Noreg på 11.000 kroner, syner tal frå Huseiernes Landsforbund. I somme kommunar er gebyra på nesten 25.000 kroner per bustad.
Alle aukar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.