Ein grenselaus venskap?

Russland og Kina har felles interesse i å svekkje maktposisjonen til USA i verda. Men krigen i Ukraina set partnarskapen deira på ei hard prøve.

Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping fotograferte på toppmøtet i Bejing den 4. februar i år, då dei erklærte grenselaus venskap.
Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping fotograferte på toppmøtet i Bejing den 4. februar i år, då dei erklærte grenselaus venskap.

Det er 4. februar og enno 20 dagar til Russland skal invadere Ukraina. På mørkeraude fløyelsteppe stiller statsleiarane for to av verdas største land seg opp for å verte fotograferte og kringkasta for ei heil verd, framfor ei rad med russiske og kinesiske flagg.

President Vladimir Putin er komen som æresgjest til opninga av dei olympiske vinterleikane i Beijing, om lag 650 mil frå den ukrainske hovudstaden Kyiv. Den øvste leiaren i Kina, Xi Jinping, tek varmt imot han.

«Vi håper dette nye vårmøtet vil bringe nytt liv inn i den kinesisk-russiske relasjonen», seier Xi då delegasjonane har teke plass på kvar si side av eit stort, skinande møtebord, dekorert med blomerader i midten.

Putin er full av respekt og uttrykkjer full tillit til at Kina vil arrangere vinter-OL på ei utmerkt måte.

Alt dette er foreviga med kamera. Men kva seier Putin til Xi når fotografane er borte? Fortel han at han kjem til å invadere det sjølvstendige nabolandet Ukraina? Og kva seier i så fall Xi til det? Dette er berre to av dei spørsmåla som har vorte stilte om Kinas ståstad etter krigsutbrotet den 24. februar.

Boikotta av Biden

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement