Ein heidersmann i retten

Om Ales Bjaljatski ikkje hadde motteke Nobels fredspris, hadde ingen norske aviser laga ein notis om at ein belarusisk menneskerettsforkjempar sat innesperra i bur i retten.

Publisert Sist oppdatert

At menneske blir fengsla eller stilte for retten under jule- og nyttårsfeiringa, er vanleg praksis i fleire autoritære land. Når merksemda til diplomatane er fråverande, og folk som bur der, er opptekne av si eiga familiefeiring, slår styresmaktene til. For nokre år sidan kidnappa aserbajdsjansk politi ein brysam antikorrupsjonsbloggar fjerde juledag. I fjor blei den russiske organisasjonen Memorial tvinga til å leggje ned vesle nyttårsaftan. I år hadde Putin nok med å bombe Kyiv eit kvarter inn i det nye året.

Siste diktator

Aleksandr Lukasjenka, som er omtalt som Europas siste diktator, såg heller ingen grunn til å la julefeiringa leggje ein dempar på den pågåande undertrykkinga. Med så mange igangsette politisk motiverte saker hadde domstolen inga tid å miste. Fredag 6. januar var byrjinga på den ortodokse julehøgtida. Dagen før starta rettssaka mot den belarusiske fredsprisvinnaren Ales Bjaljatski.

Hausten 2020, då hundretusenvis gjekk ut i gatene og demonstrerte mot at Lukasjenka etter 26 år ved makta hadde erklært seg sjølv som vinnar av valet, dokumenterte Ales og kollegane i Viasna korleis styresmakta brukte vald og tortur mot dei arresterte demonstrantane. No var Ales og kollegaene tiltalte for smugling og for å ha finansiert aksjonar som øydela ro og orden. For det risikerte dei sju til tolv års fengsel.

Tiltalte i bur

Vi hadde nesten ikkje høyrt noko frå Ales sidan han blei fengsla. I januar 2023 dukka dei fyrste bileta opp. I handjern sat han i ein svart hettegenser inni eit bur i ein rettssal i Minsk mens han heldt ein plastikkpose med rettspapira i. Totalt omfatta straffesaka meir enn 283 filer som romma meir enn 300 sider kvar. Det furete andletet til Ales sa meir enn nokon rapport om fengselsvilkåra og kva fridomskampen hadde kosta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement