– Ein heilt annan situasjon enn i Sverige

Det er ingen fare for svenske tilstandar i Noreg, ifølgje politi­høgskuleprofessor Paul Larsson.

Det er svært lite truleg at svenske nettverk kjem til å etablere seg i Noreg, meiner Paul Larsson.
Det er svært lite truleg at svenske nettverk kjem til å etablere seg i Noreg, meiner Paul Larsson.

Paul Larsson er professor ved Politihøgskolen og har forska på organisert kriminalitet og politiets metodebruk på feltet. Han er samd i at det trengst meir ressursar til både etterforsking, etterretning, analysearbeid og operativ innsats i arbeidet mot kriminelle nettverk og organisert kriminalitet generelt. Samstundes åtvarar han mot å hausse opp situasjonen rundt dei kriminelle nettverka i Noreg i dag.

– Eg skjønar at folk er alarmerte som følgje av det som skjer i Sverige, men det er ikkje store endringar i dei kriminelle nettverka i Noreg. Dette med at personar frå svenske nettverk opererer i Noreg, er heller ikkje nytt. At norske kriminelle og svenske kriminelle har kontakt og gjer jobbar for kvarandre, har gått føre seg i tiår. Og det betyr heller ikkje at svenske nettverk no kjem til å etablere seg i Noreg. Det ser eg tvert om som lite truleg, seier han.

– Men det er snakk om grovare og meir valdeleg kriminalitet frå nettverka no enn før?

– Det kan det sjølvsagt vere, men eg har ikkje sett studiar som kan dokumentere det. Eg har også vore i denne businessen lenge, og stort sett har endringar gått svært treigt.

– Samstundes, dersom svenskane for ti år sidan hadde visst kva dei veit i dag, ville dei kanskje gjort meir den gongen?

– Eg jobba i Sverige for ti år sidan, og den organiserte kriminaliteten i Sverige i dag ikkje er ny. Mykje av han har røter tilbake til 1980-talet. Det har òg vore skytingar og eit generelt høgare valdsnivå i nokre miljø i Sverige i meir enn 15 år, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement