Kommentar

Ein klovn til å gråte av

Atle Antonsen har fått eit eineståande gjennombrot i media dei siste vekene, men det er ingen grunn til å gratulera.

Publisert Sist oppdatert

Den dårlege fyllespøken hans har ikkje berre sjokkert Sumaya Jirde Ali, som han gjekk ut over, og hans eigne venner – men også Antonsen sjølv.

Det er også nokre skremmande trekk ved hendinga. Ikkje minst dette at ein mann som opplagt ikkje har sympati for rasisme og stygg behandling av mørkhuda, faktisk har det i seg å praktisera nettopp dette. Det kastar ein skugge innover fleire enn Antonsen.

Antirasistar har lenge hevda at rasismen kan visa seg slik. Den er så å seia ein sjølvstendig aktør, ein faktor som ligg på lur i samfunnet, og som i visse situasjonar overlistar og brukar folk som er antirasistar, til rasisme. Det finst eit slags kollektivt undermedvit som rommar farlege element, og som også velmeinande menneske kan snubla inn i.

Veit for lite

Og då hjelper det lite å seia at det ikkje var slik meint. Det er eit argument som avslører at ein veit for lite om kva det inneber å vera ein etnisk minoritet, og få slengt skitprat etter seg frå ein lærer å snakka. For den som er offer for dette, er det ikkje intensjonen med skitpratet som er viktig, det er sjølve utsegna.

Dette må også humorbransjen tenkja gjennom. Dei leikar jo heile tida med fordommar og vrangførestillingar, men brått kan fordommane overstyra humoristen, og han formidlar ting han ikkje er klar over.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement