Ein konge til Ingrid Alexandra?
Vil tronarvingen Ingrid Alexandra ein dag få ein konge ved si side, slik kong Harald fekk ei dronning? I dei europeiske landa er praksisen ulik, og her heime er meiningane delte.
Vil tronarvingen Ingrid Alexandra ein dag få ein konge ved si side?
Foto: Ida Bjørvik / Det kongelege hoff / NTB
Rekk opp handa, den som hugsar den norske kongerekkja!
Hint: Om vi reknar rekkja attende til Harald Hårfagre, som samla Noreg til eitt rike mot slutten av 800-talet, fører ho oss gjennom 60 ulike regentar, med namn som Harald, Eirik, Håkon, Harald, Olav og Svein som dei neste på lista, heilt til vi kjem fram til 1388.
Her, i den lange rekkja av herrar, lyser namnet på ei kvinne mot oss, Margrete Valdemarsdotter, som regjerte som dronning i Sverige og Noreg og som «frue og husbond» i Danmark fram til 1412.
Så kjem kongane igjen på rekkje og rad, med namn som Eirik, Kristoffer, Karl, Kristian, Hans og Fredrik, heilt fram til Noreg vart eit sjølvstendig kongerike i 1905 og folket ønskte seg og fekk Haakon VII på trona, som altså var far til vår neste konge, Olav V, bestefar til Harald V, som regjerer i dag, og oldefar til vår neste mann på trona, kronprins Haakon.
Kvifor denne quizaktige opplistinga av namn? Berre for å vise at når vi får vår fyrste kvinnelege regent på over 600 år med prinsesse Ingrid Alexandra, har vi ingen identiske eksempel å bygge på når ektefellen hennar skal få ein tittel. Margrete den fyrste, som ho vart kalla, var enkje, og problemstillinga kom aldri opp.
Skal han kallast prins, prinsgemal, Ola Nordmann eller rett og slett konge?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.