Ein krig der alle taper, ein fred ingen vil like
Verken Russland eller Ukraina kan vinne krigen i overskodeleg framtid. Likevel snakkar knapt nokon om våpenkvile.
Volodymyr Zelenskyj på ein pressekonferanse i Kyiv i desember 2023. Den ukrainske presidenten vil ikkje late Russland få endre kartet over Ukraina.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Stemninga var kjølig da den ungarske statsministeren Viktor Orban besøkte Kyiv denne veka. Det er ikkje så rart: Orban har eit godt forhold til Vladimir Putin, og har ved fleire høve halde att EU-støtte til Ukraina. Det fall heller ikkje i god jord da Orban bad Zelenskyj om å vurdere ei våpenkvile med Russland for å skape rom for fredsforhandlingar. Innspelet skal ha blitt blankt avvist.
Synet i Kyiv har lenge vore at russarane berre vil bruke ei våpenkvile til å samle krefter før neste åtaksbølge. Zelenskyjs plan er å sikre seg breiast mogleg internasjonal støtte for krava sine, som han så vil legge fram for Russland. Krava inkluderer full russisk tilbaketrekking frå alt ukrainsk land, inkludert Krym. Zelenskyj vil òg ha ein internasjonal domstol som skal etterforske russiske krigsbrotsverk.
Små sjansar
Sjansane for å vinne fram på dette viset verkar ikkje gode i dag. Store land som Kina og India støttar ikkje Zelenskyj-planen, og fleire av krava er truleg uakseptable for Moskva. Hausten 2022 sende Zelenskyj dessutan ut eit dekret som slo fast at det var uaktuelt å forhandle med Russland så lenge Vladimir Putin sat med makta. Og han kan bli sitjande lenge.
Putin har på si side sagt at det kan bli våpenkvile om Ukraina gjev opp dei fire provinsane Donetsk, Luhansk, Zaporizjzja og Kherson, som Russland på papiret har annektert – eit krav som er umogleg for Zelenskyj å gå med på. Putin krev òg at Ukraina gjev opp å bli medlem av Nato.
Kort sagt: Det er særs vanskeleg å sjå for seg ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina dei næraste åra. Samtidig finst det gode argument for at forhandlingar er einaste utveg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.