Utanriks
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Lewis Lapham røykte Parlaments ved skrivebordet, i dress med nålestriper og silketørkle i jakkelomma. Då eg i 2014 kom inn på kontoret ved Union Square i Manhattan for å byrje som praktikant i tidsskriftet Lapham’s Quarterly, var det som å gå inn på settet til ein gamal Hollywood-film. Her var ope barskap og blyantskjørt, og lange arbeidsdagar som sklei saumlaust over i cocktailar på Paul & Jimmys.
Han hadde ikkje datamaskin. Ein glasvegg skilde kontoret til Lewis frå redaksjonslokala, og der sat han og skreiv for hand og dikterte på ein bandopptakar.
På slutten av dagen gav han bandopptaka til Ann, sekretæren han hadde jobba med i eit halvt hundreår. Det hende Ann delegerte stenografien vidare til ein av oss praktikantane, ei oppgåve eg slett ikkje meistra. Då Lewis såg korleis eg i panikk hadde klort ned gebrokkent nonsens frå eit opptak som gjekk ti gongar raskare enn eg kunne taste, trekte han på skuldrene og sa: Ok. Well, baud på champagne og spurde meg om den åndelege og ideologiske stoda i Noreg.
Eg blei fortald at nabokontoret, etter å ha klaga på røyklukta i årevis, til slutt hadde mista fatninga og tatt hemn. Dei hadde lagt ein daud fisk i ventilasjonsanlegget. Stanken hadde blåst rett inn der han sat i dressen, som sjølv ikkje borna kan hugse å ha sett han utan.
«Eg utfordrar kvar og ein av dykk til å prøve å sjå for dykk far min i shorts eller T-skjorte. Umogleg», sa ein av sønene i minnestunda denne veka, i eit festlokale på Park Avenue. Lewis Lapham døydde i Roma i sommar, 89 år gammal.
Lapham blei fødd inn i den økonomiske eliten i San Francisco. Familien dreiv med shipping og olje. Bestefaren var borgarmeister i San Francisco under andre verdskrigen, og tok Lewis ut frå skulen for å la han vitje krigsskip og handhelse på admiralar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.