Kommentar

Ein må snu meir enn steinar

Den fallande interessa for lærarutdanning varslar ei kulturkrise der problema til barn og unge blir ignorerte. Skal krisa avverjast, nyttar det ikkje med videosnuttar og informasjonskampanjar.

Publisert Sist oppdatert

Søkjartala på samordna opptak viser urovekkjande tal for lærarstudia. Det er ein nedgang på nesten 22 prosent i søknader til lærarutdanningane. Då samanliknar ein med fjoråret, som også hadde låge tal. Dersom tala held seg like låge som no, vil det føra til stor mangel på kvalifiserte lærarar. Alt no er det for få med relevant utdanning i høve til jobbane. Skulle det halda fram med å gå ned, vil fullt utdanna lærarar kunna bli i mindretal i skulen.

Eg er usikker på om folk ser alvoret i dette. Borna er i dag i skulen frå dei er seks til dei er nitten. Det er arenaen for store delar av barndomen og ungdomen, og det som skjer i desse åra, er heilt avgjerande for resten av livet. Då må lærarane vera kompetente.

To forklaringar

Kva er grunnane til at så få søkjer seg til yrket? To nye forhold spelar inn. Lærarutdanninga vart, som ein del av Bolognaprosessen, gjord femåring og er no på masternivå. Før den tid var lærarutdanninga fristilt frå bachelor og master-strukturen og var fireårig. Dette kan ha skremt bort nokre søkjarar, som ikkje vil gå rett på eit femårig udelt masterløp.

Det andre aktuelle forholdet er den langvarige streiken som strekte seg frå våren i fjor og over sommaren. Lærarane hadde bore tunge bører i pandemien og venta på eit skikkeleg løft i dette oppgjeret. Men etter lang tids streik vart det lønnsnemnd, og dei fekk eit dårleg oppgjer. Ein kan sikkert diskutera om lønnsnivået er så dårleg som det vart gjeve uttrykk for i streikeperioden.

Men ein skal ikkje undervurdera signaleffekten av dette forløpet. Lærarane signaliserte sterkt at dei ville ha anerkjenning for vanskeleg arbeid, og dei møtte ei kald skulder. Det gjer jo ikkje utdanninga meir attraktiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement