Økonomi

Ein ny handlingsregel

Finansdepartementets rådgjevarar vil gjera uttaket av Oljefondet meir stabilt og føreseieleg. Den som skal få til noko slikt, har ei tung og pedagogisk oppgåve framføre seg.

Den førre regjeringa laga ein institusjon dei kalla Rådgjevande utval for finanspolitiske analysar. Utvalet vert leidd av professor i samfunnsøkonomi Steinar Holden.
Den førre regjeringa laga ein institusjon dei kalla Rådgjevande utval for finanspolitiske analysar. Utvalet vert leidd av professor i samfunnsøkonomi Steinar Holden.
Publisert

Handlingsregelen, regelen som før sa at vi over tid kunne nytta 4 prosent av verdiane i Oljefondet per gjennomsnittsår, men no 3 prosent, fylte i fjor 20 år. 20 år er lang levetid for ein slik regel. Det kan sjølvsagt vera mange grunnar til at regelen har vart så lenge, men det er neppe heilt feil å seia at regelen har vart av di han er så enkel å forstå, både for politikarane og for veljarane.

No er regelen i spel. Den førre regjeringa laga ein institusjon dei kalla Rådgjevande utval for finanspolitiske analysar. Utvalet vert, som så mange andre utval og utgreiingsgrupper før i soga, leidd av professor i samfunnsøkonomi Steinar Holden. Holden-utvalet «skal gi faglige råd knyttet til en bærekraftig finanspolitikk og Finansdepartementets arbeid med makroøkonomiske problemstillinger», kan vi lesa på heimesidene til Finansdepartementet.

«Sårbarhet»

I februar kom Holden-utvalet med ein bakgrunnstekst til byråkratane: «Sårbarhet ved Oljefondets rolle». Summert særs kort opp er Holden-utvalet uroleg for at vi har lagt oss på eit permanent for høgt uttak av Oljefondet, som stort sett berre har gått éin veg etter at handlingsregelen vart innført, nemleg opp. Men aksjar og verdipapir går også ned, dei kan gå kraftig ned. Oljefondet seier sjølv i ein analyse at i verste fall kan fondet gå ned 40 prosent frå eit år til eit anna.

I år nyttar Stortinget pengar på grunnlag av verdien av Oljefondet ved utgangen av 2021. Då var Oljefondet verdt 12.340 milliardar norske kroner. I skrivande stund er verdien på 11.378 milliardar (kl. 18.46 onsdag). Det er ein kraftig nedgang. Når oljeprisen er høg, vert finansmarknadene i verda urolege, aksjeprisar går ned, og krona styrkjer seg. Truleg kjem difor regjeringa til å nytta meir enn 3 prosent av Oljefondet i år.

Lurt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement