Helse
Ein parallell på andre sida av verda
Koronaviruset tek liv også ved australske sjukehus.
Fleire hundre pasientar har døydd etter å ha blitt smitta med covid-19 ved sjukehusa i den australske delstaten Victoria dei siste to åra. Det går fram av ein reportasje som det statlege kringkastingsselskapet ABC publiserte 5. mai.
Data frå dei offentlege sjukehusa i delstaten viser at minst 6212 pasientar vart smitta med koronaviruset i 2022 og 2023. Av desse døydde 586 kort tid etterpå, det vil seie litt under 10 prosent av dei smitta. Victoria har litt under sju millionar innbyggarar, og er altså ikkje så ulikt Noreg i folketal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.