Ein rakna saum gjennom Afrika

Med kuppet i Niger mista Vesten sin siste allierte i Sahel. Soga om landa langs Sahara blir stadig mørkare.

NEDERLAG: Da franske styrkar kom til Mali i 2013 for å kjempe mot jihadistar i nord, var dei velkomne. Men etter kvart som krigen drog ut, snudde stemninga.
NEDERLAG: Da franske styrkar kom til Mali i 2013 for å kjempe mot jihadistar i nord, var dei velkomne. Men etter kvart som krigen drog ut, snudde stemninga.
Publisert Sist oppdatert

26. juli skjedde nok eit statskupp i Sahel, den tørre og fattige regionen som strekkjer seg over heile Afrika, mellom Sahara i nord og savannen i sør. Denne gongen var det Mohamed Bazoum, den folkevalde presidenten i Niger, som vart riven frå makta av sine eigne soldatar. Abdourahamane Tchiani, leiaren for presidentgarden, styrer no landet som leiar for ein militærjunta.

Dermed har nok ei dominobrikke falle. Dei siste tre åra har det vore statskupp i seks ulike statar i Sahel. Offiserar har teke makta i Mali, Burkina Faso, Tsjad, Guinea, Sudan og no Niger.

Nok eit militærkupp i Afrika? Slikt vekkjer normalt ikkje særleg interesse i Vesten. Men etter kuppet i Niger er det militærstyre og ufred heilt frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Det gjev grunn til uro i Washington og Brussel, og grunn til å gle seg i Moskva.

Lutfattige

Tilsynelatande verkar ikkje statane i Sahel som noko stormaktene treng bry seg særleg med. Dette er nokre av dei fattigaste landa i verda. Av dei ti landa nedst på FN-indeksen for menneskeleg utvikling ligg halvparten i Sahel. Med nokre få unnatak, som uranførekomstane i Niger, er dei heller ikkje særleg ressursrike.

Likevel har USA og EU engasjert seg ganske sterkt i regionen det siste tiåret. Dette har to årsaker. Den eine er trugsmålet frå væpna islamistgrupper, den andre er EUs ønske om å hindre migrantar og flyktningar i å krysse Sahel på vegen mot Middelhavet og Europa. Og med president Bazoum forsvann den siste nokolunde pålitelege alliansepartnaren for EU og USA i regionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement