Utanriks
Ein raud keisar
Den 20. nasjonalkongressen har vore vitne til ei meir drastisk maktsentralisering enn mange venta. Xi Jinping og hans utvalde sit no med all makt.
Den førre generalsekretæren, Hu Jintao, blir ført ut av forsamlinga 22. oktober. Hu følte seg ikkje vel, ifølge eit av Kinas statlege nyhendebyrå.
NTB_Kcb_geisstU – med tekst – smalt – v2[35] Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB Bilettekst frå Magnus
Ein får ikkje eit betre bilete på utfallet av den 20. nasjonalkongressen til Kinas kommunistparti enn det du ser ovanfor. Ein forvirra og frustrert Hu Jintao, Kinas leiar frå 2002 til 2012, blir eskortert ut av forsamlinga mot slutten av kongressen. Ut med Hu og det han representerer. Ut med føreseielege leiarovergangar og kollektivt leiarskap. Ut med rivalfraksjonar, inn med Xis menn i leiarposisjonar. Etter to femårsperiodar gav Hu frå seg alle embeta sine. Xi Jinping har halde fast på sine.
For liberale og Xi Jinping-motstandarar var Hu-perioden ei meir open og vonfull tid. Økonomien vaks raskt, det var maktfordeling mellom parti og stat, og sivilsamfunn hadde eit visst pusterom. For Xi og hans støttespelarar, derimot, representerer Hu svakt leiarskap, ustyrleg korrupsjon og tapte sjansar. Styringsperioden hans har blitt kalla eit «tapt tiår».
Xis menn
No skal Xi Jinping styre Kina inn i ein ny æra, og med seg har han eit handplukka mannskap. Fire medlemmar av politbyråets ståande komité, Kinas høgste styringsorgan, er blitt bytte ut. Li Keqiang, favoritten til Hu Jintao, er no ute. Den reformorienterte Wang Yang er òg ute. Inn kom fire nye menn, alle med nære band til Xi Jinping (sjå biletet under).
Det var venta at Xi ville halde fram etter kongressen, men ikkje at han ville vere så dominerande. Vanlegvis pleier statsministerposisjonen gå til nokon med erfaring som visestatsminister. Slik vart det ikkje denne gongen. Kinas neste statsminister blir Li Qiang. Han vart upopulær blant mange på grunn av den to månadar lange og strenge nedstenginga Shanghai innførte i vår. Men for Xi har han vist seg å vere lojal nok til å få den nest høgste posisjonen i politbyråets ståande komité.
Li har tidlegare vore stabssjef for Xi då han styrte Zhejiang-provinsen. Nære band til Xi Jinping ser ut til å ha vore hovudkriteriet for å få eller behalde medlemskap i politbyråets ståande komité. Det finst ikkje lenger noka motvekt til Xi i komiteen. Det gjev han ei politisk slagkraft ein ikkje har sett sidan Mao.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.