Utanriks
Ein spire til borgarkrig
Den kanadiske regjeringa har fått råd om å vurdere å førebu seg på eit scenario med borgarkrig i USA. Ikkje heilt usannsynleg, seier fleire USA-ekspertar.
Donald Trump-tilhengjarar storma den amerikanske kongressen 6. januar 2021. Vi må vere budde på nye og liknande åtak i USA framover, seier USA-kjennar Hilde Restad, som er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole.
Foto: John Minchillo / AP / NTB
– Dei ideologiske splittingane, den demokratiske erosjonen og den innanlandske uroa i USA eskalerer og kastar landet ut i borgarkrig.
Dette er ikkje ei oppsummering av Alex Garland-filmen Civil War, som går på norske kinoar. Det er eit scenario skildra i rapporten Disruptions on the Horizon (2024) som den kanadiske regjeringa i vår har fått utarbeidd frå sin eigen tenkjetank.
Blant 34 andre scenario av typen «antibiotika verkar ikkje lenger», «folk kan ikkje skilje kva som er sant og ikkje sant», «biologisk mangfald går tapt og økosystema kollapsar», «nedgåande sosial mobilitet er norma», «nettåtak set ut kritisk infrastruktur» og «vitale naturressursar er knappe», står punktet der, som noko den kanadiske regjeringa bør vurdere å førebu seg på: at «borgarkrig bryt ut i USA».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.