Vitskap

– Ein stor geisp

Over halvparten av norske forskarar røystar på partia lengst til venstre. Professor Sven G. Holtsmark meiner det er heilt uinteressant.

Desse tre er godt likte blant norske akademikarar: leiar i Raud Bjørnar Moxnes, leiar i MGD Une Bastholm og leiar i SV Audun Lysbakken.
Desse tre er godt likte blant norske akademikarar: leiar i Raud Bjørnar Moxnes, leiar i MGD Une Bastholm og leiar i SV Audun Lysbakken.

Ei gruppe forskarar ved Institutt for samfunnsforskning (ISF) har denne veka lagt fram ein studie som syner at over halvparten av alle samfunnsforskarar røystar anten SV, MDG eller Raudt. Til samanlikning: I resten av folkesetnaden har dei tre partia opp mot 20 prosent oppslutning.

Undersøkinga inngår i eit prosjekt i samarbeid med stiftinga Fritt Ord, som skal kartleggje synet norske forskarar har på ytringsfridom og formidling av vitskap. Ein rapport dei offentleggjorde i fjor, syner at éin av tre forskarar vegrar seg for å verte oppfatta som politiske når dei ytrar seg om faget sitt. I tillegg er forskarane mindre viljuge til å formidle kontroversielle eller «krenkjande» funn.

Sven G. Holtsmark er professor ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS).

– Er det eit problem at så mange forskarar tilhøyrer venstresida?

– Ærleg talt synest eg heile undersøkinga er ein stor geisp. Ein skulle vere blind for å ikkje ha fått det med seg før no. Heilt frå demokratiseringa av høgskulesektoren på 1960-talet har det truleg gått den vegen. Det gjer ikkje forskinga i seg sjølv verken dårlegare eller betre.

– Men du er ikkje redd for ei einsretting av forskinga?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement