Helse
Ein tristare ungdom
Den psykiske helsa til ungdommar og unge vaksne har blitt dårlegare dei siste ti åra. NTNU-forskar meiner sosiale medium har mykje av skulda.
Det siste tiåret har talet på unge med angst- og depresjonssymptom gått rett til vêrs. Sosiale medium har mykje av skulda, meiner Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin.
Scanpix
Psykiske helse blant unge har fått auka merksemd dei siste åra, spesielt etter koronapandemien. Ein studie frå Folkehelseinstituttet syner at talet på barn mellom 6 og 12 år som oppsøkte lege på grunn av psykisk helse, auka med 31,7 prosent dei fem første månadane av 2021. Auken var på heile 47,5 prosent for barn og unge mellom 12 og 15. Men det blir feil å sjå på dette som ein mellombels tilbakegang i ein elles positiv trend. Det siste tiåret har det vore ei dyster utvikling i den psykiske helsa og livskvaliteten til ungdommar og unge vaksne.
I mai i år vart ein viktig studie av utviklingstrendar i psykisk helse i Noreg publisert. Studien er basert på tal frå den store Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), der 48.000 til 62.000 personar har delteke i tre rundar med spørjeundersøkingar (først i 1995–1997, så i 2006–2008 og sist i 2017–2019). Studien peiker på ei sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge frå 2006–2008 til 2017–2019. Auken er såpass drastisk i visse aldersgrupper at det skaper eit alvorleg forklaringsproblem. Kva har skjedd? No debatterer forskarar kva som har og ikkje har skulda for utviklinga ein ser blant unge.
Trendar i psykisk helse
Me har tala med Steinar Krokstad, professor i sosialmedisin ved NTNU og hovudforfattar av studien nemnd ovanfor, for å diskutere resultata og kva han meiner står bak utviklinga. Forskingsartikkelen deira er ope tilgjengeleg for alle, men finst dessverre berre på engelsk. Du finn han gjennom å søke på «Diverget decennial trends» på ein søkemotor.
– Kva var dei viktigaste funna frå undersøkinga?
– Det viktigaste funnet me har gjort, er ein klar negativ trend i psykisk helse hos ungdom og unge vaksne. Det har vore ein sterk auke i angst- og depresjonssymptom blant unge det siste tiåret, og ei spesielt negativ utvikling hos jenter og unge kvinner, sjølv om det òg har vore ei negativ utvikling hos menn. På den andre sida har me funne ei positiv utvikling hos dei eldre, dei som er over 50–60 år. Der ser me ein betydeleg nedgang i rapportering av angst- og depresjonssymptom. Det er ei ganske spesiell utvikling, med ein negativ trend blant dei unge og ein positiv blant dei eldre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.