Politikk

Ein ukultur i regjeringskontora

Hemmeleghaldet ved Statsministerens kontor (SMK) av dokument om aksjehandlane til Sindre Finnes er berre toppen av eit isfjell som handlar om ein ukultur i fleire departement

Ingen av dei som var involverte i aksjesakene til Sindre Finnes ved SMK, har vilja svare på kvifor dokumenta i saka ikkje vart journalførte. Det gjev grunnlag for fleire spørsmål, meiner Vidar Ystad.
Ingen av dei som var involverte i aksjesakene til Sindre Finnes ved SMK, har vilja svare på kvifor dokumenta i saka ikkje vart journalførte. Det gjev grunnlag for fleire spørsmål, meiner Vidar Ystad.
Publisert

Ein gjennomgang av nokre mediesaker frå dei siste 30 åra viser at regjeringskontora har ein «allsidig praksis» når det gjeld å hindre innsyn i strid med offentleglov, arkivinstruks og journalføringsplikt. Slike brot gjer det umogeleg å føre oppsyn med verksemda i forvaltninga medan Stortinget har kravd det motsette.

Praksisen tyder på at handlingane i stor grad er politisk motiverte, dikterte av taktiske vurderingar. Det er eit ope spørsmål i kva grad handlingane er styrte og dikterte av politikarane eller embetsverket handlar sjølvstendig ut frå ein tanke om kva som tener politikarane eller departementet.

«Brevsaka»

Dei ferske avsløringane til E24 om lovbrota ved SMK i Solberg/Finnes-saka er på ingen måte eineståande for praksisen ved dette kontoret. I 1992 avslørte Bergens Tidende at kontoret unnlét å journalføre brev frå konsernsjefen i Uni Storebrand, Jan Erik Langangen, om planane han hadde for å raide den svenske forsikringsgiganten Skandia.

Det var stabssjefen til Gro Harlem Brundtland, Bjørn Skogstad Aamo, som handterte brevet og sytte for at det ikkje vart journalført korkje ved SMK eller i Finansdepartementet, som han gav ein kopi av brevet.

«Brevsaka» fekk etterspel og kritikk frå Sivilombodsmannen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement