Ein uunnverleg alliert

Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?

Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.
Publisert Sist oppdatert

20. januar 2025 kan Donald Trump igjen bli innsett som president i USA. Det er eit utfall som særleg eitt europeisk land har grunn til å frykte. Per i dag er det umogleg å vite kva Trump vil gjere med våpenhjelpa til Ukraina om han igjen kjem til makta. Utsegnene frå presidentkandidaten om dette har vore uklare og sprikande. Men somme av dei gjev god grunn til uro for Ukraina.

Trump sjølv har hevda at han kan få slutt på krigen i løpet av 24 timar, utan å forklare korleis han skal få det til. I debatten mot Kamala Harris nekta han å svare på om han vil at Ukraina skal vinne krigen mot Russland. Trump seier berre at han vil ha ein rask fredsavtale. Men han har ved fleire høve kritisert våpenbistanden til ukrainarane. «Vi har ikkje ammunisjon nok til oss sjølve. Vi gjev bort så mykje», sa Trump i fjor.

Visepresidentkandidaten hans har gått lenger. Rett etter fullskalainvasjonen i 2022 sa J.D. Vance: «Eg må vere ærleg, eg bryr meg eigentleg ikkje om kva som skjer med Ukraina.» Vance har fleire gonger kritisert våpenhjelpa til Ukraina, og meiner det «underminerer tryggleiken til USA å bruke opp ressursar i ei strategisk hengemyr».

Over halvparten

Sidan februar 2022 har Ukraina fått våpenhjelp frå 57 ulike land, men eitt av dei er i særklasse. Målt i pengar har over halvparten av våpenbistanden kome frå USA, syner ein oversikt BBC publiserte 5. september. Sidan den russiske fullskalainvasjonen i februar 2023 har amerikanarane levert våpen verde meir enn 600 milliardar kroner til Ukraina.

Også før dette kom viktige delar av utrustinga til den ukrainske hæren frå USA. Bistanden til landet auka etter den russiske annekteringa av Krym og krigsutbrotet i Donbas i 2014. Men det er verdt å merke seg at det var i presidentperioden til Donald Trump frå 2017 til 2021 at USA byrja å sende skarpe våpen til Ukraina, medan Obama hadde halde att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement