Kommentar

Ein verdsdel som andre

I over hundre år kunne europearane tru at USA ville stille opp for å forsvare demokratiet. Kva no?
 

President Franklin D. Roosevelt og statsminister Winston Churchill om bord på slagskipet «Prince of Wales» utanfor Newfoundland 10. august 1941. Roosevelt erklærte støtte til Storbritannia, sjølv om USA enno ikkje var med i verdskrigen.
Publisert Sist oppdatert

President Donald Trump har knust mange illusjonar på kort tid, og for europearane er truleg det verste tapet dette: Det er ikkje lenger mogleg å tru på at USA vil stille opp for å forsvare demokratiet. Når den amerikanske presidenten hersar med den folkevalde statsleiaren i Ukraina, eit land som kjempar for å overleve, og har ein langt venlegare tone med diktatoren og massemordaren i Moskva, er biletet tydeleg for alle.

I mange tiår stolte folk i Europa på at amerikanarane ville stille opp for oss om faren truga. Dette handla ikkje berre om strategiske interesser, kulturell fellesskap eller det europeiske opphavet til majoritetsbefolkninga i USA. Det var ein metafysisk og moralsk dimensjon over denne alliansen: Amerikanarar og europearar stod saman om å forsvare dei dyrebare verdiane som demokratiske statar delte.

Arsenalet

Slike tankar hadde eit langt liv på båe sider av Nord-Atlanteren. «Verda må gjerast trygg for demokratiet», sa president Woodrow Wilson da USA kasta seg inn i den første verdskrigen i 1917. I 1940, eit år før USA vart med i den andre verdskrigen, erklærte Franklin D. Roosevelt at USA skulle vere «det store arsenalet for demokratiet».

Dette glansbiletet av USA heldt seg i Vest-Europa i etterkrigstida. Ikkje berre hadde amerikanarane sikra sigeren over nazismen, dei verna oss òg mot trusselen frå Sovjetunionen under den kalde krigen. Men ideen om at USA alltid ville stå på sida til demokratiet mot diktaturet, var ein illusjon. Det har folk i Latin-Amerika, Afrika og Asia visst lenge. Trump har gjort Europa til ein vanleg verdsdel. Europeiske land har ikkje lenger nokon særstatus i Washington, same kor demokratiske dei måtte vere. No hastar det med å forstå kva dette statustapet kan innebere.

Store ord 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement