Minneord
Einar Kringlen
(1931–2025)

Einar Kringlen kom frå Høyanger. Ein gong ei lita avstengd bygd i Kyrkjebø kommune ved Sognefjorden. I 1900 hadde ho 120 innbyggjarar og korkje veg, telegraf, fast båtrute eller kyrkje.
Men derimot nok vatn og fossefall. Så i 1916 endra alt seg med utbygginga av kraftanlegget, kraftstasjonen og fabrikkhallen for aluminiumsproduksjon.
Alle typar hus og bygningar skaut opp. I denne bygda, som var i ferd med å verta ein småbyliknande industristad med over 3000 innbyggjarar frå heile landet, vaks Einar Kringlen opp.
Begge foreldra var lærarar, faren endåtil skulestyrar på folkeskulen. Han vart ein del av læraraksjonen under krigen. Sonen var ti år då faren sat fengsla i Kirkenes i fleire månader.
Høyanger var prega av sosial lagdeling. Fagrørsla hadde makta i bygda, og difor fekk dei Folkets Hus før kyrkja. Dei som gjekk i ungdomslaget i Valhall, blanda seg lite med aktivitetane i Folkets Hus. Og det var to idrettslag; Høyanger Idrettsforening og Falken, som høyrde til Arbeidernes Idrettsforbund. Sjølv om faren var arbeidarpartimann, var sonen i idrettsforeininga.
Han var ein stille gut i oppveksten. Det var fyrst då han drog frå Sogn til Nordfjord og Firda gymnas, at vi såg teikn til den tydelege mannen han vart – prega av danningsundervisinga ved landsgymnaset på Sandane og røynslene han hadde med seg som ein skuleflink lærarson frå eit klassedelt samfunn.
Han kunne ifylgje seg sjølv godt studert filologi. Men så las han Trygve Braatøys bok om diktinga til Knut Hamsun og ville vita meir om samfunnet og menneskenaturen. Difor studerte han medisin for å verta psykiater.
Som professor i psykiatri var han sjølvtrygg og uredd med klare meiningar. Han var kritisk til krisepsykiatri og overdriven medisinbruk i behandlinga av psykisk sjuke, og oppteken av å kritisera eige fag. Fagkritikk må òg koma innanfrå, meinte han. Han hadde ei fast spalte i Dag og Tid på 2000-talet om medisin og psykiatri. Spalta skapte debatt, som då han hevda at nakkeslengskade (whiplash) var ein motediagnose som hadde lite dekning i medisinske fakta.
Det at han var sjølvtrygg, gjorde at han kunne vedgå feil. I januar 2012 fekk han i oppdrag av Dag og Tid å drøfta rapporten til dei sakkunnige i den rettspsykiatriske erklæringa om Anders Behring Breivik. Då gjekk han god for at Behring Breivik var psykotisk. Etter norsk strafferett er då lovbrytaren utilrekneleg.
Eitt år seinare sat han to dagar i rettssaka og såg og høyrde på terroristen. Då snudde han: «Vi har openbert med ein avvikande person å gjera, men han syner ingen teikn til psykose», meinte han då. «Dei sakkunnige har etter mitt syn ikkje teke nok høgd for den ideologiske overtydinga hans. Alt er tolka i retning vrangførestellingar.» Kringlen vart etter dette kalla inn som vitne i rettssaka.
Kringlen gjekk av som professor i 2001, 70 år gamal. Men det var formelt. Reelt heldt han fram som forskar og debattant i 20 år til. Han var kritisk til utviklinga ved universitetet og meinte det var for mykje likegyldig forsking og for mange middelmåtige doktorgradar.
Eg har hatt med Einar Kringlen å gjere i 20 år. Det har vore interessant og ei glede. Om ikkje alltid like lett, sidan både Kringlen og Per Egil Hegge skreiv i same avis. Dei var ikkje akkurat samde om alt.
Men begge hadde sans for humor. E-postane til Kringlen var korte, meiningstunge og med tørr humor og ironi.
«Her kjem ein epistel om Vietnam og corona. Kort og godt skriven på framifrå nynorsk. Epistelen kjem sjølvsagt inn i første nummer av avisa. E.K.»
«Kjære redaktør. Er han vorten Oslo-mann? På Voss og i nynorsk-Noreg heiter det ein sporv i tranedans, ikkje spurv. E.K.»
Han var oppteken av språk heile livet og ringde ofte for å gje velmeinte råd om ordval og skrivestil. Kutt ord og vendingar som ikkje trengst. Skriv «alt», ikkje «allereie»!
Einar Kringlen vert sakna. Våre tankar går til borna og barneborna. Kona Gerd døydde i 2016.