Utanriks
Eit anna Russland
Dag og Tid har møtt den russiske forfattaren Mikhail Sjisjkin. Han meiner Russland må ta eit oppgjer med fortida, elles vil historia gjenta seg – igjen.
Mikhail Sjisjkin under ein samtale med Andrej Kurkov på Litteraturhuset i Oslo på måndag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
I 1991 var Mikhail Sjisjkin så lukkeleg som aldri før. Han stod i folkemengda framfor hovudkvarteret til sentralkomiteen i Moskva og jubla for fridomen. Det var stor jubel då det sovjetiske flagget vart teke ned. Ein tysk fjernsynskanal intervjua Sjisjkin om framtida. Han var 30 år gammal den gongen, og forfattarkarrieren hans hadde enno ikkje byrja.
– Det er så rørande å sjå att fjernsynsklippet frå den gongen, denne unge fyren som fortel kor glad han er. Kor glad han er for at den tre år gamle son hans skal få lov til å vekse opp i eit fritt og demokratisk Russland. Men alt i 1993 byrja ting å gå feil veg, då Jeltsin sende stridsvognene mot det russiske parlamentet. Og i 1995 byrja krigen i Tsjetsjenia. Då vart det klart for meg at det gamle sovjetimperiet var kome attende. No er vi ved enden av denne utviklinga.
I 1995 flytta Sjisjkin til Sveits. Det var lenge før Putin kom til makta, og flyttinga hadde ingenting med regimet å gjere. Kona hans er sveitsisk, og ho ville heim.
– Sidan budde eg med éin fot i Moskva og éin i resten av verda. I det 21. hundreåret er det slik ein forfattar bør leve. Kor ein russisk forfattar bur, har ikkje noko å seie. Det ein skriv, er det som har noko å seie for alle forfattarar. Eg emigrerte aldri. Det er Russland som har forlate det 21. hundreåret og gått attende til mellomalderen.
– Kallar du deg enno russar?
– Sjølvsagt. Putin gjennomfører ein krig i mitt namn, i landet mitt sitt namn, og det godtek eg ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.