Eit bilete på året som har gått

Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.

Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Publisert Sist oppdatert

– Årets ord er beredskapsvenn, ein person du kan alliere deg med og dele på ansvar for eigen beredskap med. Sjølv har eg ikkje brukt årets nyord ein einaste gong i år. Var de for tidleg ute?

– Nokre år kan årets nyord verke som ei overrasking. Til dømes i 2021, då me løfta fram sportsvasking. Men det fekk raskt relevans etterpå. Beredskapsvenn synest me er eit godt ord. Det har interessante kvalitetar ved seg. Kombinasjonen av det litt alvorstunge og det nære og kjære gjorde at det var eit openbert val. Det har dukka opp i media i år, og så har jo alle fått brosjyre i posten frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap der dette ordet har blitt brukt. Me har difor alle blitt eksponerte for det i løpet av året, og om du då ikkje brukar det aktivt sjølv, er det eit ord som har vore synleg både i media og i postkassa.

– Korleis finn de fram til årets nyord?

– Me brukar store databasar med avistekst og samanliknar med fjoråret og ser om det er nokre store ulikskapar i ordbruken der. Då får me opp ei råliste me arbeider vidare med. Når me set opp den endelege lista med nyord, prøver me å vise fram tendensar og gjerne ord som har gode språklege kvalitetar, og som på ein interessant måte skildrar året som har gått. Og det var beredskapsvenn som segla opp i år. Me ser også etter ord som me trur er bestandige og blir med oss over tid, at me kan sjå ordet igjen ikkje berre i 2024.

– På kva måte speglar lista over nyorda året 2024?

– På lista med kandidatar stod mellom anna tekstlikskap. Det er ikkje heilt nytt, men har fått mykje merksemd i år, og me trur at fenomenet tekstlikskap kjem til å bli vanlegare etter kvart som me ser at fleire og fleire brukar maskinar til å generere og sette saman tekst. Så har me tinderifisert, eit adjektiv avleidd av datingappen Tinder. Det er eit ekte nyord i år, så vidt me kan sjå. Det er brukt om ein sjekkekultur som hentar mønsteret sitt frå korleis ein sjekkar på datingappar, og er brukt heilt spesifikt i eit ordskifte me har sett dette året, der påstanden er at nokre få menn får tilgang til kvinner, medan dei fleste blir valde vekk. Popkorngras står også på lista, det er jo eit herleg ord. I 2024 vart det ein trend å så upoppa popkorn, sjølv om Mattilsynet har åtvara mot å gjere det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement