Eit Europa i mørkare blått

Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.

29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.

Samtalen
Sverre Jervell, diplomat og tryggingspolitisk forskar
Aktuell: Det komande EU-parlamentsvalet

Rundt om i Europa er valkampen no i gang framfor valet på nytt EU-parlament, som går føre seg mellom 6. og 9. juni.

Dei nasjonalistiske og konservative høgrepartia i gruppa Europeiske konservative reformistar (ECR) og ytre høgre-partia som har samla seg i grupperinga Identitet og demokrati (ID), har begge styrkt seg sidan førre val.

Tidlegare i år låg dei an til å verte størst i alle dei ni landa Frankrike, Italia, Nederland, Belgia, Austerrike, Polen, Ungarn, Slovakia og Tsjekkia, og nest størst i Sverige, Finland, Spania, Tyskland, Portugal, Romania, Latvia, Estland og Bulgaria, ifølgje estimat frå den tyske tankesmia European Council on Foreign Relations.

No har dei samla sett gått litt tilbake, men dei ligg likevel an til å kunne ta 158 av dei 720 setene i parlamentet, ifølgje dei nyaste målingane til nettavisa Politico. Det er ein god auke frå dei 135 plassane i dag.

Sverre Jervell er pensjonert diplomat og tryggingspolitisk forskar og bur no delar av året i Berlin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement