Eit farleg kapplaup

Den akselererande utviklinga av kunstig intelligente system skapar både håp og frykt. Eit oppropsbrev signert av forskarar og teknologileiarar ber om ein pause i kapplaupet. For å forstå uroa må ein skjøne korleis kunstig intelligens i dag vert utvikla.

I 2015 publiserte Future of Life Institute eit ope brev der det stod at framsteg innan kunstig intelligens (KI) truleg vil ha aukande innverknad på samfunnet, og at det derfor var viktig å styrke forskinga på KI-tryggleik. «KI-systema våre må gjere det me vil dei skal gjere», understreka dei, men tonen i brevet var nøktern. Brevet vart signert av mange leiande KI-utviklarar og forskarar.

Kva har skjedd sidan då? Utviklinga av kraftigare KI-modellar går no føre seg så fort at til og med KI-entusiastar vert alvorleg skremde. Det er årsaka til at Future of Life 22. mars i år kom med nok eit ope oppropsbrev, denne gongen med ein heilt annan tone. I brevet står det at me no er inne i eit ukontrollert kapplaup mot å utvikle mektige KI-system me verken forstår eller kan kontrollere.

Det er signert av ei lang rekke framståande forskarar og næringsleiarar innan teknologi og KI. På lista finn ein mellom anna Elon Musk, Apple-grunnleggar Steve Wozniak og Stuart Russell, medforfattar av den mest brukte læreboka i KI. Brevet ber alle KI-utviklarar om å la vere å trene opp sterkare KI-modellar enn OpenAIs GPT-4 i minst ein seks månadars periode.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement